Verkelegheitssjekk: Når litterære dogme står for fall.

Imot kunsten

NYE DOGME: Niels Frank skriv om drapet på storesystera Elin, utan overdrivingar og «saftige tilleggsord». FOTO: SARA GALBIATI sara galbiati

Førre helg gjekk Louisiana Literature, den største danske litteraturfestivalen, av stabelen for 11. gong. Fire dagar med litterære stjerner frå fleire verdshjørne under ein blå himmel og med utsikt rett til Øresund og Sverige. Det er alltid ein slags selskapsleik å gå på jakt etter nye trendar i dansk og internasjonal litteratur, men i år var det vanskeleg å spore ein spesiell trend – kanskje bortsett frå interessa for å skrive om erindring, som er tema i russiske Maria Stepanovas «Til minne om minnet», tyske Judith Hermanns «Der hjemme», i Linn Ullmanns «Jente, 1983» og Carl Frode Tillers «Innsirkling»-trilogi.

Bokmagasinet