Som rimeleg kunne vera, var terrorskytinga i Oslo hovudoppslag i dagsrevyen sist laurdag. Ikkje fullt så rimeleg var det at det fylte heile sendinga, som om det ikkje hadde skjedd noko anna det siste døgnet. Sportsrevyen handla om kor sjokkerte og ulukkelege fotballjentene var. Då vêrmeldinga kom utan ei tårefylt innleiing om at det låg ei sky av sorg over heile landet, verka det nesten litt kaldt.