Starten på eventyret

SKOGTROLL: Theodor Kittelsen rådde over eit unikt register. Her er «Skogtroll», antakeleg frå 1906. FOTO: JACQUES LATHION Jacques Lathion

Det unekteleg noko ganske kitschy over det heile: Silhuettar av grantrekledde fjellryggar foliert på veggane. Dempa hardingfelemusikk på høgtalaranlegget. Ein kubbestol omgitt av det som i alle fall ser ut som overdimensjonerte rullesteinar. Lyset dimma til tussmørke. Eller nei, det siste er vel ei overdriving, men etter nokre rundar i opningsutstillinga i grafikkrommet på det nye Nasjonalmuseet kan ein byrje å førestille seg litt av kvart.

Kunst