Det er dette maleri dreier seg om.
KnUst, Trondheim
Står til august.
Klassiske strekar, presentert etter oppskrifta.
Står til 30. desember 2022.
Det unekteleg noko ganske kitschy over det heile: Silhuettar av grantrekledde fjellryggar foliert på veggane. Dempa hardingfelemusikk på høgtalaranlegget. Ein kubbestol omgitt av det som i alle fall ser ut som overdimensjonerte rullesteinar. Lyset dimma til tussmørke. Eller nei, det siste er vel ei overdriving, men etter nokre rundar i opningsutstillinga i grafikkrommet på det nye Nasjonalmuseet kan ein byrje å førestille seg litt av kvart.