Eg følgjer ein del austeuropeiske Instagram-kontoar om modernistisk arkitektur og kultur. Det er ei stor glede å jamleg få bla seg gjennom flotte bilete av fantastiske byggverk, skulpturar, veggpryd og anna flott kultur. Sei kva du vil om Sovjetsamveldet, men dei kunne byggje busstopp. Før 24. februar tenkte eg ikkje så mykje over om kontoane var russiske, kviterussiske eller ukrainske, men frå sekundet Russland invaderte, tok kontoane litt ulike retningar.