Om å grava bekk

Eg skal ikkje gje meg ut i utgreiingar kring Raudt Nato og Ukraina. Vågnaden er då stor for at ein kan komme til å vase seg vekk. Eg vil bere minne om kva dei gjorde i ei bygd som heite Kvammen. Der hadde grannane kome i storkrangel om kvar eit gjerde skulle gå, og ikkje minst om kven som var pliktig å halde det i stand. Det vart sak grannane i mellom. Det fall store og harde ord på båe sider av meining og gjera skilje. Men så var det så at dei og måtte få greve seg ny bekk. Det var ikkje ein manns arbeid. Det måtte alle vere med om for at alle skulle ha sams rett og nytte. Der sto så karane ned i hola og spadde seg bekk, endå om dei var usams om gjerde. Vi har vel ein bekk som skal gravast vi og.

Debatt