For hundre år sidan lærte unge agronomar ting som er ukjent no.

Urein kunnskap

HUSDYRLÆRE: Frå 1923.

Den opphavlege tydinga av ordet ‘kultur’ er ‘jorddyrking’, og i mange hundre år har folk flest vore sysselsette med åkerbruk og husdyravl. Men erfaringane frå bondeyrket har hatt forsvinnande liten påverknad på samfunnsplanlegginga. Det er heller slik at straks folk skiftar til andre yrke, gløymer dei den naturkunnskapen som ligg i produksjon av korn og mjølk. Samspelet mellom den biologiske kroppen og verda han lever i, fell ut or syne, og dei søkk inn i ein livslang tilstand av fødd i går.

Solveigs salt