Melding

Lystig landevegs­limbo

Ein komisk og kaotisk biltur med familien er òg ei reise inn i uvissa for desperate iranarar.

HERLEG BARNEROLLE: Rayan Sarlak spelar den yngste sonen i Panah Panahis debutfilm «Veien videre». Her «spelar» han også Shubert på farens gipsa bein. FOTO: ARTHAUS HERLEG BARNEROLLE: Rayan Sarlak spelar den yngste sonen i Panah Panahis debutfilm «Veien videre». Her «spelar» han også Shubert på farens gipsa bein. FOTO: ARTHAUS

(Jaddeh Khaki, Iran, 2021)

Regi og manus: Panah Panahi

Med: Pantea Panahiha, Hasan Majuni, Rayan Sarlak, Amin Simiar

Sjanger: Drama

Lengde: 1 t. 33 min.

Vist på: Kino

«Veien videre» er ein god, norsk tittel på ein innhaldsrik og lovande debutfilm frå Panah Panahi, sonen til den iranske filmskaparen og dissidenten Jafar Panahi. Ein underhaldande anekdotisk og attkjenneleg småkjeklande bilferie med ein karaktersterk familie på fire (og hunden deira) er skildra i dei same bilda som også rommar ei meir subtil og melankolsk forteljing om vanskelege, eksistensielle vegval. Panahi nyttar desse typiske sjangereigenskapane ved amerikansk roadmovie til å ta oss med til dei verkelege og tenkte vegkryssa, der mange politisk og sosialt stigmatiserte iranarar før eller seinare står. På vegen får han også grunna over si eiga familiehistorie.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Kulturuka

Helsing frå ei heilt normal kvinne i 30-åra som forsøker å nyte årstida medan verda raknar.

Ved veis ende

Bodil Cappelen (1930–2026).

Bøker

Den handi­kap­pede kroppen er en poetisk kropp, mener den danske dikteren. Nå kommer «Crip» på norsk.