Når har ein forstått ein tekst? Eit svar er at ein ikkje har forstått før ein tolkar eige liv i lys av lesinga. I så fall kan ein seia at Tom Egil Hverven har forstått dei bøkene han skriv om. «Å lese etter troen» er nemleg både ei rekkje skarpsindige lesingar av nyare litteratur, og fragment av ein sjølvbiografi. Bøkene han les, kastar lys over viktige livserfaringar. Men frå livshistorie går forfattaren til periode-historie, og prøver å fange inn sitt tema i ei ganske presis historisk setting.
Tru: Tom Egil Hverven skaper intensitet når han kombinerer lesing og biografi.