I forgårs kom Bergens Tidende med meldinga: «Vi skriver når vi har noe viktig å melde, ikke for å fylle en fast spalte i avisen.» BT er den første dagsavisa som sluttar med faste leiarar – det avisa meiner basert på føremålsparagrafen. Redaktørar i andre dagsaviser seier det ikkje er aktuelt å følgje etter. Der politisk redaktør i Bergens Tidende Eirin Eikefjord kalla den faste spalta ei tvangstrøye, meinte politisk redaktør i Dagens Næringsliv Frithjof Jacobsen at ho var eit fint slips.