«Vi veit eigentleg ikkje korleis utelivet skal vere fordi vi har ikkje opplevd det før», seier Kaja (18) til NRK. Ho fyller snart 19 år og har i NRK sine ord «gått glipp av nesten et år med uteliv som følge av pandemien». Det er tre årskull som no er klare for å gå ut på byen utan noka erfaring med å vere ute. «Folk har ikkje grenser, og dei har lite respekt for kvarandre», seier Kaja. Det same seier dei andre jamgamle med Kaja NRK har intervjua. Det er uvant å møte så mange folk på éin gong, ser venar vert litt for drita. Vektarane seier det same og merkar trøkket.