Anmeldelse

Tilsyne­la­tande lett

Livskriser: Elizabeth Strout reiser det sentrale spørsmålet om kva eit liv er bygd på.

PLASS I VERDA: Elizabeth Strout undersøker rolla kjærleik speler i eit liv. FOTO: LEONARDO CENDAMO PLASS I VERDA: Elizabeth Strout undersøker rolla kjærleik speler i eit liv. FOTO: LEONARDO CENDAMO

Elizabeth Strout

Åh, William!

Roman

Omsett av Hilde Rød-Larsen

Forlaget Press 2022, 246 sider

«Jeg har lyst til å fortelle noen ting om den første mannen min, William», lyder fyrste setning i «Åh, William!», den amerikanske forfattaren Elizabeth Strouts andre roman med Lucy Barton som forteljar. Lik forgjengaren «Jeg er Lucy Barton» (på norsk i 2017), er boka skrive i ein konverserande tone, som om det er eit brev eller ei dagbok forfattaren lånte ord til, heller enn eit stykke skjønnlitteratur. Språket er kvardagsleg og (tilsynelatande) lett, strukturen er springande og (tilsynelatande) assosiasjonsdriven. Lucy avbryt seg sjølv – «Dette kommer jeg ikke til å si noe mer om» – og ho unnskyldar seg for å trekkje fram ting ho «har skrevet om før». Igjen og igjen rundar ho av avsnitt med ærlege forsøker på å oppsummere kva det er ho forsøker å seie. «[V]i gav hverandre disse overraskelsene og skuffelsene, er det jeg mener». Og igjen og igjen bryt omgrepsapparatet saman, slik at ho berre vert ståande att med utbrotet: «Åh, det er så vanskelig å vite hva jeg skal si!»; «åh, jeg elsket henne!»; «Åh, William!»

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Bokmagasinet

Kommentar

Bli med på defilering over Sehesteds plass.

Nordisk råd

Med stort utbytte graver flere svenske forfattere nå etter poetisk gull i doku­men­tarisk hverdags­prosa.

Essay

Enten et dikt er bundet eller fritt eller en blanding, er det viktigste at det er eksis­ten­sielt sant.