Ein solskinsdag på stadion tidleg i september 1967 kom ein tenåring med lange brune sommarbein vaklande mot mål. For litt sidan hadde ho sprinta ut frå startstreken saman med tre-fire andre av dei sprekaste idrettsjentene på skulen. Men i siste sving tok kreftene slutt, og før dei fire hundre metrane var tilbakelagde, tok krampa over.