Denne veka vart nettstaden hydrogen24.no lansert, ei nettavis med nyhende og kommentarar om norsk hydrogensatsing. Sikkert kjekt det, men det er eit veldig dårleg namn på ei avis. Det hadde ikkje vore så gale om hydrogen24 var den einaste avisa med eit slikt namn, men det føyer seg inn i rekkja av nettaviser som medier24, kom24, salg24, geo24, rett24, Steinkjer24, verktøy24, kode24 og E24. Berre for å nemne nokre, faktisk.