Skånsam utbygging?

VERNA: Kjell Harald Lunde kan ikkje legge Raundalselva i rør på ein «skånsam» måte, skriv forfattarane. FOTO: PRIVAT

I Klassekampen 15. januar slår Kjell Harald Lunde eit slag for utbygging av den varig verna Raundalselva. To av tre norske elvar er allereie bygd ned til kraftproduksjon, men heldigvis forstår stadig fleire at tap av naturmangfald saman med klimaendringane er dei største krisene verda står overfor. Me kan ikkje halde fram med å byggje ned naturen bit for bit utan å saga av greina me sit på, og argumentet om at kraftutbygging er «skånsam» fordi inngrepa er mindre synlege, held ikkje vatn.

Debatt