Film

Jaktar det kvite gullet

Hundreåringen som kleiv ut vindauget for å jakta på trøflar i lag med hunden sin.

TIDLAUST: Scenene i denne dokumentaren er komponerte og fargekoordinerte som kunsttablå, og menneska ser ut som dei kunne vore henta frå renessansen. FOTO: SELMER MEDIA TIDLAUST: Scenene i denne dokumentaren er komponerte og fargekoordinerte som kunsttablå, og menneska ser ut som dei kunne vore henta frå renessansen. FOTO: SELMER MEDIA

(The Truffle Hunters, Italia, 2021)

Regi, manus og foto: Michael Dweck og Gregory Kershaw.

Med: Trøffeljegerar, trøffelhundar og trøffelseljarar i Piemonte.

Sjanger: Dokumentar.

Lengde: 1 t. 24 min.

Vist på: Kino.

Få mil søraust for Torino ligg landkommunen San Damiano d’Asti. Namnet smakar av vin, og ganske rett. Dette er midt i Piemonte, og vinrankane veks på geledd i bratte terrassebruk. San Damiano er likevel i første rekkje kjent for det som veks nedi jorda, i den ulendte og på vinteren gjørmete skogen: den kvite Alba-trøffelen. Ein delikatesse folk i distriktet har «jakta» på i uminnelege tider – i lag med dei spesialtrente hundane sine. Hundar som et på herrens bord og jamvel blir velsigna ved altarringen i katedralen. Trøffeljakt er mykje meir enn matauk og attåtnæring. Ikkje ein gong gode moltemyrer i Finnmark er slike familieløyndommar, eller regulert av så mange uskrivne normer og sosiale sanksjonar som trøffelplassane i Piemonte.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Film

Barnefilm

Myste­rie­pakken

Oppklaringen av et familiemysterium byr på spenning, lek og alvor i fint dokumentar-drama.

Film

Rose

Regissøren av «Rose» har henta eitt og anna frå Michael Haneke til sin solide, historiske fabel om kjønn og makt.

Film

The Devils

I 1971 skapte «The Devils» høye bølger. Et halvt århundre senere er de stadig til å forstå.