Tunnelen

  • Det er ikkje berre å få bygd ein veg. Ein må byrje med å samle støtte i landsdelen for å nå fram i konkurransen mellom dei gode føremåla. Når ein har fått nokre kommunar og fylkeskommunar til å vedta ein tunnel over ein veg eller ei bru framfor ein tunnel, kan ein starte eit interesseselskap, skissere eventuelle bompengar og drive lobbyarbeid. Dei lokale politikarane må vinne gjennom i sine respektive parti og Stortinget leggje vegen inn i den uforpliktande Nasjonal transportplan (NTP). Først hamnar ein bak i køen, men kjem fram litt om litt. Og så er det utgreiingar, då. Heile prosessen kan ta tiår.

Dagboka