«Eg synest dette er noko av det beste han har skrive.»
Ein leiar i Litteratur-Bergen – lat oss la hen vere ein anonym – sit klar til å sjå skodespelarane Reidun Melvær Berge, Claus Sellevoll og Sigmund Njøs Hovind lese frå bøkene i «Hundemanuskripta» på Det vestnorske teateret i Bergen.

«Hundemanuskripta» er ein serie på tre tynne bøker som kom ut midt på 1990-talet. I «Nei å nei», «Du å du» og «Fy å fy» møter vi hunden Websterr som bur hjå gamle Oline, den aldrande fjordahunden Olav som ser den flottaste byhundedama han har sett, og til sist skipskatten Haktor som held til på ei frakteskute med skipper Moreld.
«Det er like greitt å berre gje han Nobelprisen no»
Forfattaren som har denne fabeltrilogien som høgdepunktet i forfattarskapen sitt, er sjølvsagt Jon Fosse. Somme kjenner han kanskje frå NRK-reportasjane når statskanalen vitjar forlaget hans Det Norske Samlaget dagen Nobelprisen i litteratur vert delt ut. Der må forlagsfolka stå og late som dei trur han kjem til å vinne i år. For Fosse er den neste norske nobelprisvinnaren i litteratur. Eller Per Petterson. Eller Karl Ove Knausgård. Det vert ikkje ei dame, i alle fall. Som Fosse sjølv seier, svært fritt sitert, så skriv ein gjerne dårlegare etter å ha fått prisen, og han føler seg ikkje gamal nok til å skrive dårlegare enno.
Dei seinaste åra har Fosse brukt på dei sju binda i «Septologien». Eit storverk på 1250 sider, jamt over hylla i alle aviser som eineståande romankunst. Litteraturkritikar Knut Hoem i NRK skildra dei to første binda som «herlig fest for dem som liker karbonadesmørbrød med løk, røyking inne, mobilfrie soner – og vestlandsk nynorskmodernisme fra åtti- og nittitallet». Og det er jo meg.
Dei siste 20 åra har Fosse i hovudsak skrive dramatikk. Fram til han for nokre år sidan slutta å drikke, konverterte til katolisisme og sa at han ikkje ville skrive fleire teaterstykke, men i staden dikt og langsam prosa. Og det er det «Septologien» definitivt er, svært langsam prosa. Det er bra skrive, kanskje jamvel heilt utruleg bra skrive, men vi har lese den gjentakande stilen til Fosse før og veit kva det går i. Målande monotoni, melodiske gjentakingar, ein eigen rytme, blablabla. Høyrt det før!
Skal vi tru Fosse og ta han på ordet, er det like greitt å berre gje han Nobelprisen no. Om prisen gjer at han ikkje skriv noko meir nyskapande, kan vi kvile med det han har skrive til no. Toppen nådde han saman med skipskatten Haktor i 1997.