Frå mi eiga barndoms lesing er det inga bok som gjorde større inntrykk enn Astrid Lindgrens «Mio, min Mio». Eg var livredd Riddar Kato, og eg kjende fysisk på både mørket og kulda i historia. Med forteljarstemma til den ni år gamle Bo/Bosse/Mio skapte Lindgren eit magisk univers om einsemd og det godes kamp mot det vonde.
Magien i «Mio, min Mio» er litt for ferdigtygga til å drøyme seg vidare.