KLIMA

Bestemor i bresjen

STANDHAFTIG: Linda Rundquist Parr meiner besteforeldre ikkje kan tillate seg å vere pessimistiske. Det finst ingen betre motivasjon for å redde klimaet enn eigne barnebarn, meiner ho. Bileta av dei pregar heimen til klimaaktivisten saman med blokkfløytesamlinga og andre oppsamla minne. SIGVE BREMER MEJDAL

Myrområdet Flakstadmåsan i Nes og Jødahlsmåsan i Ullensaker er den siste torvmyra i gamle Akershus som framleis har intakt areal. I mange år har miljøaktivistar i og utanfor politikken kjempa for å unngå industrielt torvuttak. Felleskjøpet på si side ønska i 2014 å ta ut torv frå myra.