Eg har alltid, og langt inn i vaksen alder, vore svak for myldrebøker. Heile livet samla på to store sider! I alle fall eit utsnitt som fangar fylden og mangfaldet i ein heilt vanleg dag i ein heilt vanleg by: No opnar frisøren, bakaren har ferske bollar, og snikkaren har funne fram hammaren. Og der er dama med hunden, ho skal kjøpe blomar, men står med halsbandet i strekk medan hunden bjeffar eit stakkars kattekrek opp i eit tre.
Mangfald: Sophie Blackalls nye barnebok er eit velkomstbrev til jordkloden.