Fotograf Per Maning har laga eit både venskapleg lunt og skarpt portrett av Thorvald Steen.

I heilfigur

Thorvald Steen på plass i Per Manings fotostudio. FOTO: INTEGRAL FILM

Thorvald Steen er vanskeleg å fanga i eit portrett. Ikkje fordi han er utydeleg – tvert om – men fordi han er så mangslungen. Gjennom fire tiår har Steen gjennomført ulike, politiske og kulturelle intervensjonar i samfunnet. Og anten det har vore snakk om arbeidslivsrettar eller menneskerettar, har han alltid vore drive av det same intellektuelle overskotet som dreiv 80-talslyrikarane Stuntpoetene.

Kultur