(Noreg, 2021)
Regi og manus: Per Maning.
Med: Thorvald Steen, Finn Skårderud.
Format: Dokumentar.
Lengde: 53 minutt.
Vist på: NRKs nettspelar, NRK2 21. november.
Thorvald Steen er vanskeleg å fanga i eit portrett. Ikkje fordi han er utydeleg – tvert om – men fordi han er så mangslungen. Gjennom fire tiår har Steen gjennomført ulike, politiske og kulturelle intervensjonar i samfunnet. Og anten det har vore snakk om arbeidslivsrettar eller menneskerettar, har han alltid vore drive av det same intellektuelle overskotet som dreiv 80-talslyrikarane Stuntpoetene.