Ha, ha, halal

NRKs talentsprengde satire «Jordbrukerne» presenterer oss for nye «heltar frå Telemark».

Khabib og Tariq (dei karismatiske Arben Bala og Jonas Strand Gravli) har opplagt skumle planar. Og dei blir uglesett av den ikkje mindre skumle Jarle (ein nifs André Sørum). FOTO: RUBICON/ NRK Dag JenssenKhabib og Tariq (dei karismatiske Arben Bala og Jonas Strand Gravli) har opplagt skumle planar. Og dei blir uglesett av den ikkje mindre skumle Jarle (ein nifs André Sørum). FOTO: RUBICON/ NRK Dag Jenssen

(Noreg, 2021)

Serieskaparar: Izer Aliu og Anne Bjørnstad

Regi: Izer Aliu, Aurora Gossé og Brwa Vahabpour

Med: Nader Khademi, Arben Bala, Ayaz Hussain, Jonas Strand Gravli, Erika Strand Mamelund, Hina Zaidi, Kristin Grue, Tiril Pharo og fleire.

Lengde: 8 episodar à 45 min

Vist på: NRK nettspelar og NRK1 på torsdagar

Kva skal vi leva av etter oljen? Kanskje kortreist halal-geitost og tv-drama? Izer Alius og Anne Bjørnstads «Jordbrukerne» leverer like gode søknader til Talent Noreg, som karakterane deira gjer til Innovasjon Noreg. Og søknaden er fylt med både politisk poengtert og komisk avvæpnande harselas over (fordommar om) Det nye Noreg. Handlinga blir spent opp mellom den innvandrartette Oslo-bydelen Grønland og den moderne bygdekultursmia Rauland i Telemark, der næringsrådet støtt jaktar på noko edgy, og rektor Frøya (Lena Barth Aarstad) lengtar etter urbane typar som deler interessa for rapparen Tupac.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Kulturtirsdag

For 40 år siden omkom Edvard Vigebo i brannen på Hotel Caledonien. På et sykehjem i samme sørlandsby etterlot kunstneren seg et sjeldent verk.

Kultur

Etter kongens død er flere kultur­ar­ran­ge­menter avlyst, mens andre går som planlagt. – I hvilken grad skal man stoppe opp alt? spør teatersjef Solrun Toft Iversen.

Musikk

Rett før årsmøtet i Tono går Torgny Amdam ut mot sommerens debatt: – Kunnskaps­ni­vået har ikke vært særlig høyt.