Kjære venner! Dette hendte en vinter i Berlin, på et hotell i Lietzenburger Straße. Jeg hørte døra kneppe igjen bak meg. Og der sto jeg i korridoren ei natt klokka fire.
Litteraturprofessor Arild Linneberg skriver brev fra utposten.
NRKs talentsprengde satire «Jordbrukerne» presenterer oss for nye «heltar frå Telemark».
Serieskaparar: Izer Aliu og Anne Bjørnstad
Regi: Izer Aliu, Aurora Gossé og Brwa Vahabpour
Med: Nader Khademi, Arben Bala, Ayaz Hussain, Jonas Strand Gravli, Erika Strand Mamelund, Hina Zaidi, Kristin Grue, Tiril Pharo og fleire.
Lengde: 8 episodar à 45 min
Vist på: NRK nettspelar og NRK1 på torsdagar
Kva skal vi leva av etter oljen? Kanskje kortreist halal-geitost og tv-drama? Izer Alius og Anne Bjørnstads «Jordbrukerne» leverer like gode søknader til Talent Noreg, som karakterane deira gjer til Innovasjon Noreg. Og søknaden er fylt med både politisk poengtert og komisk avvæpnande harselas over (fordommar om) Det nye Noreg. Handlinga blir spent opp mellom den innvandrartette Oslo-bydelen Grønland og den moderne bygdekultursmia Rauland i Telemark, der næringsrådet støtt jaktar på noko edgy, og rektor Frøya (Lena Barth Aarstad) lengtar etter urbane typar som deler interessa for rapparen Tupac.