Dagboka

Danmark

  • «Det stemmer jo ikkje at det er så fantastisk å vere i pappaperm». Det seier den danske parlamentarikaren Rasmus Jarlov (44) frå Det Konservative Folkeparti i høve den danske debatten om fedrekvoten. Jarlov, som på eige initiativ tok tre månader med pappapermisjon då sonen hans kom til verda, syns permisjon blei keisamt i lengda. Han gjer det ikkje om att, slår han fast. Men på grunn av eit nytt EU-direktiv får danskane no ei fedrekvote på elleve veker, noko Jarlov meiner vil tvinge menn ut i permisjon og øydelegge fridomen til danskane.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Dagboka

Skynet

Hvor mange har vel ikke sammenliknet det pågående bukkerittet i de store KI-selskapene med Terminator-filmserien? Det er tross alt noen likheter. Kjapt om plottet (i filmen, ikke virkeligheten):Militæret i USA skaper et forsvarssystem, Skynet, for å automatisere forsvarskapasiteten. Målet er et autonomt system som tar avgjørelser uten menneskelig innblanding. Og så: KI-systemet får kontroll over hele forsvarsapparatet, blir selvbevisst, og ser menneskeheten som en trussel som må utryddes. I den virkeligheten vi har i dag, er det muligens tidsreisingen i filmene som framstår mest urealistisk. Skynet sender en drapsmaskin tilbake i tid for å ta livet av en ung John Connor, som seinere blir leder for (den menneskelige) motstandsbevegelsen. I film to er det Robert Patrick som gestalter T-1000, en skremmende androide på drapstokt. Og nå nærmer jeg meg poenget. Uten at jeg klarer å sette fingeren på nøyaktig hvorfor, så framstår Patrick mer skummel i et intervju fra 2017, enn i filmen fra 1991.

Merito­krati

Då den flamske diplomaten Ogier Ghiselin de Busbecq vitja det osmanske riket på 1500-talet, vart han fascinert av kor godt sultanen hadde lukkast med å skape eit system der folk fekk toppstillingar i staten fordi dei var flinke. Heime hjå habsburgarane var det slekta di som avgjorde kor langt du kunne nå. I det osmanske riket kunne sonen til ein gjetar få ei toppstilling i administrasjonen, om han var flink nok. Det var truleg eit klokt instinkt. Den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama skriv at det er mykje betre for eit samfunn å basere seg på meritokrati, enn på at posisjonar og makt går i arv. Likevel vil alle meritokratiske system innebere ein konstant kamp for å unngå å forvitre, seier Fukuyama. Vi menneske stolar nemleg meir på familie og vener enn vi gjer på framandfolk. No meiner Fukuyama at det er i ferd med å skje i heimlandet hans USA.

Bergen

Vi e’kje frå Norge, Vi e’frå Bergen. Bergens Tidende kunne torsdag kveld melda at to bergensarar var på veg inn i regjeringa. Regjeringsrokaden blei det første oppdraget for den nye kongen. Det er mange omsyn å ta i ein regjeringskabal: Kjønn, bakgrunn, utdanning – og sjølvsagt geografi. Det har lenge vore ei misnøye med det svake vestlandsavtrykket i Støre-regjeringa. I fjor kunne Bergensavisen etter ei oppteljing, fortelja at av dei 69 statsrådane og statssekretærane i Støres mannskap, var halvparten frå Austlandet. Frå Bergen har til no kulturminister Lubna Jaffery sete aleine som statsråd.