«Det stemmer jo ikkje at det er så fantastisk å vere i pappaperm». Det seier den danske parlamentarikaren Rasmus Jarlov (44) frå Det Konservative Folkeparti i høve den danske debatten om fedrekvoten. Jarlov, som på eige initiativ tok tre månader med pappapermisjon då sonen hans kom til verda, syns permisjon blei keisamt i lengda. Han gjer det ikkje om att, slår han fast. Men på grunn av eit nytt EU-direktiv får danskane no ei fedrekvote på elleve veker, noko Jarlov meiner vil tvinge menn ut i permisjon og øydelegge fridomen til danskane.
KLARE: Norske styresmakter har gjeve fiskefartøy frå EU ein større kvote å fiske i rundt Svalbard. Det er ei ny line frå den harde tonen Noreg førte tidlegare i år, då Kystvakta stod klar til å ringje opp fiskefartøy. Her frå KV Svalbard. Anders Svartberg / Forsvaret
Då Storbritannia gjekk ut av EU, tok dei med seg fiskerettane sine ved Svalbard. Difor kutta Noreg kvoten til EU frå 28.000 tonn torsk til 18.000 tonn. Gjennom våren og sommaren gjekk diskusjonen høgt mellom Noreg og EU. EU har sjølv gjeve seg kvote på 28.000 tonn.