Det har gått ei veke sidan valet, og eg har framleis ikkje heilt fått summa meg. Karin Andersen (SV) er ikkje vald inn på Stortinget for dei neste fire åra. Hedmarkingen kom inn i 1997 etter å ha vore vara i fireårsperioden før det. SV gjorde eit knallval i 2001. Utjamningsmandata har sikra henne plass i dei tre siste vala, men ikkje i 2021. I over 20 år har ho vore ein av dei fremste, om ikkje den fremste, sosialpolitikaren, og ho har sett mange som ingen elles ville ha sett.