Ein ny plattform

«Bondeopprøret» har dei siste månadane med stor energi og styrke, sett søkelys på krisa i jordbruket, på elendig økonomi, stor kostnadsvekst, stor lånebyrde og låge prisar. Og ikkje minst feil talmateriale, brukt i forhandlingane, som bøndene ikkje kjenner seg igjen i. Men er det nok å berre krevje meir pengar som skal fordelast gjennom same systemet som har skapt krisa jordbruket er i? Om målet er å få til eit lønsamt jordbruk basert på utnytting og forvalting av norske jordressursar, med auka sjølvforsyning, matsikkerheit og tilpassing til alle utfordringane klimaendringane gir, må det store endringar til.

Debatt