Kvar morgon står eg på eitt bein framfor eit vindauge som vender ut mot ei blodbøk og to lønnetre. Eg pustar langsamt mens eg løftar det andre kneet opp mot brystet. Så tøyer eg det bakover og strekkjer ut hofte og lår med foten i handa. Etter åtte andedrag hukar eg meg ned med rak rygg i den stillinga som på yogaspråk heiter «ørn», før eg flyt vidare til halvmåne, tre og dansar.