Min avisstil gjekk meir i retning av oppgjer ansikt til ansikt.
Solveig Aareskjold, forfattar
BERGET: Frå skammekroken. BERGET: Frå skammekroken.
Det var i 1970, i første klasse på lærarskulen i Stavanger, at eg første gong såg ein mann gå av hengslene på grunn av noko eg hadde skrive. Det gav eit innsyn i menneskeleg villfaring som eg ikkje skjøna rekkevidda av før eg for nokre dagar sidan las det på ny.