Kjære Klassekampen

Når det ein gong skal lagast festskrift til Klassekampens sekstiårsdag, ser eg fram til å bli kontakta som skribent. Artikkelen vil i hovudsak vera ei drøfting av nøyaktig stiftingstidspunkt for korrekt feiring av jubileet. Skal me feira utgjeving av månadsavisa, vekeavisa eller dagsavisa Klassekampen? Skal me feira tidspunktet då avisa blei levert til trykkeriet, eller tidspunktet då siste avis var ferdig trykt og ferdig for utsending? Harald Bøckmans artikkel om kommunistpartiets fødselsdag var omtrent like interessant som mitt framlegg til festskrift for Klassekampen.

Debatt