Solveigs salt

Guddomleg lyst

Juno og Jupiter krangla om kven som hadde mest glede av sex.

Det fine med gamle mytar er at dei viser oss korleis menneske som levde for lenge sidan, reagerte på seg sjølve og omverda. Ofte hadde dei inntrykk av at landskapet var fullt av usynlege krefter eller ånder som verka direkte inn på tilgangen på mat og førekomsten av fiendar. Slike ånder kunne syna seg for vanlege døyelege som gudinner og gudar, truleg ikkje utan påverknad frå folk dei kjende frå før, søsken og foreldre, krigarar og kongar. I Hellas skapte den kollektive fantasien ein olympisk familie der Zevs sleit med å gjennomføra eit patriarkalsk einevelde som støtt blei sabotert av Hera og Athene. Det merkverdige diktverket Iliaden fortel om korleis dette radarparet fører dei greske okkupantane av Troja til siger tvert imot planane til sjefsguden – ei hending som er blitt konsekvent underkommunisert av dei vestlege universiteta.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Sankta Sigrid

Nedst nede i eit skåp i eit støvete soverom i huset som stod tomt etter farmor og farfar, låg det eit uinnbunde, halvt oppløyst eksemplar av «Gymnadenia» og skrevde med opne sider. Eg samla dei opp som eit dyrebart oldtidsfunn og la dei andektig på eit bord. Den arkeologiske utgravinga stadfesta den munnlege overleveringa, det vil seia at farmor hadde sjølv fortalt meg at ho dumpa Sigrid Undset då katolisismen tok overhand. Men eg, som hadde arva dei samla verka i skinnband og gullsnitt til og med «Olav Audunssøn», var blitt så omvend av å lesa dei at det var rett før eg gjekk i kloster. Å oppdaga neste fase i forfattarskapen, fattig og fillete og på botnen av eit skåp, var nesten like underfullt som plutseleg å snubla over sandalane til Jesus. Dei fleste Undset-entusiastar opplever «Gymnadenia» og oppfølgjaren «Den brennende busk» som ein nedtur etter mellomalderromanane, langdryge forsikringar om Guds eksistens med liten litterær verdi. Og då den religiøse rusen ebba ut, miste eg òg interessa for dei.

Raudt kort

I veka som var ringde den amerikanske presidenten Donald Trump til fotballpresidenten Gianni Infantino og bad han gripa inn og fjerna det raude kortet som dommaren gav spissen på laget til USA, Folarin Balogun, under sekstandedelsfinalen. For elles ville han vera utestengd frå neste kamp. Og Infantino ville gjerne hjelpa til, skulle berre mangla, når det var sjølvaste Trump som bad! Etterpå takka Trump han på sitt eige sosiale medium, «Truth Social», for å ha gjort det rette. Det var som om ei kraft frå ovan slo til då USA tapte 4–1 mot Belgia, særleg då den tredje ballen trilla rett forbi skotuppane til målvakta, som hadde rota seg langt ut på banen og heldt fram beint mot mål like under føtene til ein forsvarsspelar som skvatt forvirra opp i vêret i staden for å sparka han unna. Fotballdomarar dømer feil rett som det er og får mykje kjeft for det. Men fordi dei i det store og heile er skikkelege folk, og på grunn av sosialt press frå spelarar og publikum, er det svært sjeldan at dei gjer det med vilje. Dessutan veit både dei som spring etter ballen og dei som sit og heiar på tribunen, at utan eit klart regelverk og ein dommar som kan gripa inn mot vald og ukjurskap, vil det raskt utarta til masseslagsmål. Så pass har dei fleste barn forstått lenge før dei byrjar på skulen. Dei som prøver å koma unna med juks og lyging, kan nok bli så rivne med av si eiga bortforklaring at dei mistar sanninga av syne.

Slaven som helt

Då det blei sett opp skotpremie på Håkon jarl, hadde han allereie mist hirda si og hadde berre ein einaste mann att, trælen Kark. Den siste natta dei levde, sat dei samankropne i ei jordhole som Kark hadde grave ut under ein grisebinge. Begge to var i sterkt sinnsopprør. Håkon var redd for at trælen skulle svika han, og insisterte på at dei heilt frå fødselen var knytte saman i tett lagnadsfellesskap. Dersom han sjølv blei drepen, var det slutten for Kark òg. Kark, som fram til no berre hadde eksistert som ein lem på kroppen til Håkon, tok derimot til å sjå for seg ei framtid på eigne bein. Det blei det ikkje noko av, for då Kark tok hovudet til Håkon med til kongen for å innkassera dusøren, blei han avretta på staden.