«Tove» skildrar livet til kunstnaren Tove Jansson i det viktige gjennombrotstiåret etter andre verdskrig. 1950-talet var epoken då ho steig ut av skuggen frå sin kjende far, patriarken og skulptøren Viktor Jansson, og våga bli ei av verdas mest originale (barnebok-) forfattar og illustratørar. Mange har analysert og skrive om samanhengen mellom Janssons liv og rollegalleriet i Mummidalen, men slik bruken av førenamnet i tittelen ymtar om, er det personen Tove den svært tradisjonelle biografiske filmen fokuserer mest på.