Finst det noko nifsare for ein kåt mann enn ei edru kvinne?
(USA, 2020)
Regi og manus: Emerald Fennell.
Med: Carey Mulligan, Laverne Cox, Bo Burnham, Alison Brie, Molly Shannon.
Lengde: 1 t. 53 min.
Vist på: Opne kinoar.
«Ein god mann», det var det dommar Brett Kavanaugh insisterte på at han var, då det amerikanske senatet spurte han ut om ungdomstida, om «garderobeprat» som hamna i skolekatalogen, om private fyllefestar og om uønskte seksuelle tilnærmingar, som psykologiprofessor Christine Blasey Ford hugsa som brutale enno 36 år seinare.