- 2. juni 2013 døydde den då 103 år gamle kvinna Grizelda Kristina i Canada. Ho var den siste som snakka det livoniske språket flytande, og språket døydde ut med henne. Ho kom frå Latvia til Canada under andre verdskrigen i 1944 og vart verande der resten av livet. For å unngå at språket skulle døy heilt, hjelpte ho forskarar å ta vare på det. Då ho døydde, identifiserte 250 latviarar seg som livonarar. Folkegruppa vart forsøkt fjerna av Sovjetsamveldet, og då Latvia vann att sjølvstendet, har dei jobba med å gje språket liv att. «Sovjetsamveldet gjorde på 50 år det 700 tyske år ikkje greidde,» seier Davis Stalts til BBC.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent