Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vaknar

  • 2. juni 2013 døydde den då 103 år gamle kvinna Grizelda Kristina i Canada. Ho var den siste som snakka det livoniske språket flytande, og språket døydde ut med henne. Ho kom frå Latvia til Canada under andre verdskrigen i 1944 og vart verande der resten av livet. For å unngå at språket skulle døy heilt, hjelpte ho forskarar å ta vare på det. Då ho døydde, identifiserte 250 latviarar seg som livonarar. Folkegruppa vart forsøkt fjerna av Sovjetsamveldet, og då Latvia vann att sjølvstendet, har dei jobba med å gje språket liv att. «Sovjetsamveldet gjorde på 50 år det 700 tyske år ikkje greidde,» seier Davis Stalts til BBC.