«Gode verdiar»

NRKs «guteserie» frå Stovner avrundar med eit bitte litt nytt perspektiv på minoritetsjenter.

Vil Emrah (Serhat Yildirim) og Aisha (Inas Alshimerty) få kvarandre? FOTO: DANIEL MCSTAY, NRK P3 Vil Emrah (Serhat Yildirim) og Aisha (Inas Alshimerty) få kvarandre? FOTO: DANIEL MCSTAY, NRK P3

(NRK P3, 2018-2021, 4. sesong)

Regi: Bendik Stalheim Møller

Manus: Marte Sunde Härter, Ane Isungset, Melike Leblebicioglu

Med: Serhat Yildirim, Inas Alshimerty, Rona Molakheil, Noma Wasman Koshnaw, Nasra Artan, Mohammed Aden Ali, Yusuf Baran Bilgic

Lengde: 19 delar à 18 min.,

Vist på: NRK 3 og NRK TV. Daglege episodar frå 25. april til 29. mai

Fjerde sesong av ungdomsdramaet som har fått sesongtitlar etter alderen på sine skiftande hovudpersonar – «17», «18» og «16» – har med «19» kome til endes både i tenåra og i den sterkt malstyrte serien. Medan dei tre første sesongane har vendt seg mot og handla om tenåringsgutar på Oslo aust (handlinga har ankerfeste på Stovner), blir den avrundande skildringa av eit meir og mindre samanknytt venemiljø sett gjennom augo til den sentrale jenta i serien, Aisha (Inas Alshimerty). Til no har ho vore kjent som love interest for Emrah (Serhat Yildirim), den sjarmerande, sårbare og svært upålitelege «gangsteren» som bind alle sesongane saman. Aisha skiftar det interne perspektivet i forteljinga, men som klassisk pubertetsdrama om identitet og lausriving, filtrert gjennom fleirkulturelle og spesifikt muslimske røynsler, følgjer «19» kjende konfliktaksar. Det handlar om å frigjera seg frå sosial kontroll utøvd av foreldre, brør og kjærastar, eit tema ikkje minst Iram Haq har løfta fram i norsk film tidlegare. Men det er òg noko nytt her, for Aisha – som tilsynelatande har ein prestisjetung yrkeskarriere som dommar i sikte – styrar også mot ei brutal erkjenning av at ho alt har tatt rolla som dobbeltmoralistisk dommar overfor venene sine. Til liks med dei førre sesongane er «19» eit nedteljingsdrama, der tittelen også gjev talet på dagar historia utspelar seg i.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Kultur

Kulturtirsdag

Kunstnerne som måtte flykte fra Hitler, hadde radikale ideer i bagasjen. En av dem ville skjenke Bergen et Mount Rushmore.

Økonomi

2024 var et dårlig år for kultur­sek­toren i Kommune-Norge. Verre skal det bli, sier kultursjef Tora Klevås i Fred­rik­stad.

Ved veis ende

Statsviter Øyvind Østerud er død, 81 år gammel. Det er ikke mange igjen av hans kaliber, sier idéhis­to­riker Rune Slagstad.