Coopen

  • Jølster hotell er eit signalbygg i bygda Vassenden i Sunnfjord. Det er tre etasjar høgt, gult med kvite karmar, bygd i sveitserstil og har stått der sidan 1888. Heilt sidan 1700-talet har det vore skysstasjon og gjestgjevar i bygda. I periodar mellom 1998 og 2017 har hotellet vore asylmottak, og eigarskapet har skifta fleire gongar. Sist i vinter då Coop Nordvest kjøpte det. Dei skal anten rive det eller byggje om for å starte ein Coop Extra-butikk på tomta. Hotellet er ikkje freda og ikkje med i nokon kulturminneplan. Firda, som har skrive mykje om saka, fortel om lokale protestar.

Dagboka