Kløveren blei gneisten som tende jordbruksrevolusjonen i England – men ikkje utan kostnad, skriv Åsmund Bjørnstad.

Raudkløver og revolusjon

DEN GYLNE OPNINGA: Då kløver blei innført i engelsk jordbruk, kunne produksjonen av mellom anna corn (engelsk for kveite) auka betrakteleg. Dette kravde inngjerding av fellesbeite. ILLUSTRASJON: «THE CORNFIELD» (1826), MÅLERI AV JOHN CONSTABLE, NATIONAL GALLERY, LONDON

Terje Tvedts «Verdens historie» har ført til eit langvarig ordskifte i Klassekampen om kvifor den industrielle revolusjonen tok til i England og ikkje i Kina. For Tvedt gjorde elvar og fossar det mogleg med tekstilfabrikkar, jernverk og etter kvart dampmaskiner, og transport langs kysten og på elvar og kanalar skapte ein nasjonal marknad. Andre har lagt vekta på protestantisk etikk, vitskaplege gjennombrot eller kolonialismen.

Med andre ord