Dei kongelege må finna seg i at folk flest står utanfor og kikkar inn.
Solveig Aareskjold, forfattar
KLASSISK HELTINNE? Diana har i serien «The Crown» blitt større enn seg sjølv, skriv Aareskjold. Her skodespelar Emma Corrin. KLASSISK HELTINNE? Diana har i serien «The Crown» blitt større enn seg sjølv, skriv Aareskjold. Her skodespelar Emma Corrin.
Søvnproblema mine minka monaleg etter at me fekk Netflix. Ikkje sånn at det hjelper å sovna framfor flatskjermen, for då blir eg berre liggjande og snu meg i senga i timevis. Den gode søvnen kjem etter filmar og tv-seriar som har halde meg lysvaken frå klokka ni til elleve eller halv tolv, for deretter å gje meg rennefart inn i mine eigne draumar.