Livshistoriene i «Small Axe» let fortida gjev meining til samtida.

Historiske lenker

REFORMATOR I FIENDENS LEIR: Leroy Logan (John Boyega) vel å gå inn i politiet, jamvel om både han sjølv og faren har vorte utsette for rasistisk trakassering og politivald. Han møter meir enn motvilje både heime og i korpset. FOTO: NRK Will Robson-Scott

I dag er det uråd å sjå for seg «The Wire» utan karismaen til Idris Elba som Stringer Bell. Men før den amerikanske serieskaparen David Simon såg potensialet, hadde Elbas talent vansmekta i dusinvareroller i britisk TV-krim. Sidan har ei rad svarte, britiske TV-skodespelarar gjort kometkarriere i USA, blant dei Letitia Wright («Black Panther») og John Boyega («Star Wars»). Når begge desse no har sentrale roller i BBCs prestisjeproduksjon «Small Axe», er det takka vera regissør Steve McQueen – briten som vart Hollywoods første, svarte, Oscar-vinnande regissør («12 Years a Slave», 2013).

Kultur