HHHHHI
Education
Axel Wheatle
Red, White and Blue
(Storbritannia, 2020)
Regi: Steve McQueen
Manus: Steve McQueen, Rebecca Lenkiewicz, Alistair Siddons, Courttia Newland
Med: John Boyega, Sheyi Cole, Kenyah Sandy
Lengde: Tre filmar, til saman 3 t. 29. min.
Vises i: NRKs nettspelar
Dei to første delane i antologien, «Mangrove» og «Lovers Rock», vart omtalte 11. mars.
I dag er det uråd å sjå for seg «The Wire» utan karismaen til Idris Elba som Stringer Bell. Men før den amerikanske serieskaparen David Simon såg potensialet, hadde Elbas talent vansmekta i dusinvareroller i britisk TV-krim. Sidan har ei rad svarte, britiske TV-skodespelarar gjort kometkarriere i USA, blant dei Letitia Wright («Black Panther») og John Boyega («Star Wars»). Når begge desse no har sentrale roller i BBCs prestisjeproduksjon «Small Axe», er det takka vera regissør Steve McQueen – briten som vart Hollywoods første, svarte, Oscar-vinnande regissør («12 Years a Slave», 2013).