Det er mykje som er bra med å lesa romanar. Først og fremst får me fri frå oss sjølve ei stund. For det andre blir me kjende med nye omgjevnadar. For det tredje kjem me inn i tankar som liknar på våre eigne utan å vera det. Me lærer at livet kan opplevast på ulike måtar. Slik øver me oss opp i toleranse, som er den viktigaste berebjelken i demokratiet.