DebattKlimaFrode Pleym, leiar i Greenpeace Noreg og Gaute Eiterjord, fagrådgivar i Greenpeace Noreg
22. desember kom Høgsterett med alt anna enn den julegåva me ønskte oss. Staten blei frikjent i klimasøksmålet, og me var mange som kjente oss enormt skuffa, men på tross av tap i hovudspørsmålet om ny oljeboring er gyldig, har dommen gitt oss rett på fleire punkt. Sjølv om staten blei frikjent har ikkje norsk oljepolitikk sluppe unna alt ansvar. Tvert imot.