I førre nummer av Morgenbladet skriv forfattar og poet Sumaya Jirde Ali om ein mann som prøvde å kyssa henne ute på balkongen på ein fest i fjor sommar. Då ho ikkje ville, tok han kvelartak på henne. Ho sprang inn i stova og sa det til dei andre, men i staden for å ta henne vernande inn til seg og jaga han på dør, gav dei seg til å drøfta om ho var til å tru på.