Diskrimineringsombodet om historisk metoo-avgjerd:

Blei overraska

ALVORLEG: Likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm er overraska over Diskrimineringsnemnda si avgjerd. – Å få dratt ned underbuksa er ei alvorleg krenking, seier ho.FOTO: JOHN TRYGVE TOLLEFSEN John Trygve Tollefsen

METOO: Diskrimineringsombodet stussar over at det ikkje vert rekna som seksuell trakassering når sjefen drar ned underbuksa på ein underordna.

– Eg ser jo at nemnda er veldig i tvil, og at dei blant anna legg vekt på at det har skjedd i garderoben. Men i og med at det er ein leiar som gjer dette, så synst eg at ein kunne argumentert for at dette falt innanfor likestillingslovens bestemmingar om seksuell trakassering, seier likestillings- og diskrimineringsombod Hanne Bjurstrøm.

Innenriks