Snøkaos

  • Den siste veka har det vore snø i Bergen. Det er sjeldan vare, spesielt at det varar så lenge som dette. No er det heldigvis i ferd med å regne vekk att. Men sidan vi kystvestlendingar er så lite vande med snø og den etterfølgjande isen, kan vi ingenting om korleis vi skal oppføre oss under slike krevjande klimatiske tilhøve. Og når vi endeleg er i ferd med å akklimatisere oss, er snøen og isen vekke. Den siste veka har vore prega av akeulukker, folk som fell på isen, og fortau som ikkje er i nærleiken av tilstrekkeleg moka eller salta.

Dagboka