SMITTEVERN: Testkapasiteten på grensene må styrkjast, og kontrollen av at karantenekrava blir overhaldne, må skjerpast, krev Ap, Frp, Sp og SV. Den såkalla firarbanden har ei liste med ni punkt mot importsmitte, som dei krev at regjeringa innfrir. – Dagens system er fullt av svakheiter. Regjeringa har vore for bakpå, sa Ingvild Kjerkol (Ap) på ein pressekonferanse i Stortinget i går. Partia krev mellom anna at ordninga med å kunne teste seg i løpet av 24 timar etter at ein har passert grensa, blir fjerna. Justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) seier at regjeringa allereie er i gang med fleire av tiltaka på lista til opposisjonen.©NTB
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Snøkaos
Dagboka
- Den siste veka har det vore snø i Bergen. Det er sjeldan vare, spesielt at det varar så lenge som dette. No er det heldigvis i ferd med å regne vekk att. Men sidan vi kystvestlendingar er så lite vande med snø og den etterfølgjande isen, kan vi ingenting om korleis vi skal oppføre oss under slike krevjande klimatiske tilhøve. Og når vi endeleg er i ferd med å akklimatisere oss, er snøen og isen vekke. Den siste veka har vore prega av akeulukker, folk som fell på isen, og fortau som ikkje er i nærleiken av tilstrekkeleg moka eller salta.