Agenda

  • Hugsar du Rune Olsø? Den tidlegare arbeidarpartipolitikaren i Trondheim som vart etterforska av Økokrim for påverkingshandel og korrupsjon i samband med eit utbyggingsprosjekt i Trondheim. Det som heiter Kystad-saka, der han arbeidde for eit selskap som fekk betalt to millionar kroner frå ein utbyggjar for å hindre at området Kystad vart verna. Dette samstundes som han sat i bystyret i Trondheim. Økokrim la vekk saka mot Olsø fordi dei ikkje fann sterke nok bevis, og alle er uskuldige til det motsette er bevist. Men han trekte seg som leiarkandidat til Trøndelag Ap og søkte om permisjon frå bystyret ut perioden. Ordførar Rita Ottervik kalla det svineri og Arbeidarpartiet gjekk inn for eit lobbyregister.

Dagboka